Det vert arrangert emnekurs i akuttmedisin i Haugesund fredag 10. og lørdag 11. september 2010. Kurset startar fredag kl 09 og er ferdig lørdag kl 14.30.
Kursavgift kr. 2000.-. Mat på kurset kr. 500.-. Festmiddag kr. 600.-
Påmelding til Lars Johan Lysen
innan 1. september 2010
Informasjon om ny Index for medisinsk nødhjelp kan du laste ned her.
Ny Medisinsk og operativ manual (MOM) for ambulansetjenesten revidert i 2010 finn du nedanfor på framsida.
Medisinsk Operativ Manual (MOM) er laga av og for ambulansetenesta i Helse Fonna. MOM for Helse Fonna kan lastast ned her. Denne utgåva er revidert i 2010. MOM er eit verdifullt reiskap i samhandling mellom ambulansetenestene, nødmeldetenesta, legevakt og dei andre nødetatane.
Praksiskonsulentordninga (PKO) er eit nettverk av allmennlegar som har ansvar for å utvikle samarbeidet mellom sjukehusavdelingar og allmennlegar / private spesialistar. Viktige arbeidsoppgåver er tilvisingar og epikriser, kliniske retningsliner og pasientforløpsstudier.
Haugesund sjukehus var mellom dei første i Norge som innførte praksiskonsulentordning (PKO) og i februar hadde vi 10 års jubileum.
Til slutt er det årsmelding frå Haugalandet medisinskeforum.